Personvernombod for 10 kommunar

Carl Richard Nyborg-Christensen - Klikk for stort bilete Carl Nyborg-Christensen er tilsett som personvernombod for ti kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS-kommunar). Han skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarar vert behandla på ein god måte og i tråd med personopplysningslova. 

 

Nye personvernreglar i 2018

Norge og EU får nye personvernreglar i 2018 og dei nye reglane seier at alle offentlege verksemder har plikt til å ha eit personvernombod. Den nye personopplysningslova som er vedtatt i Norge kjem truleg til å gjelde frå 1. juli 2018.

 

Den norske personopplysningslova gjennomfører EU sin personvernforordning GDPR (General Data Protection Regulation). EU-land innførte ordninga 25. mai 2018.

 
Personvernombodet skal jobbe for norsk lovgjevnad og EU sin personvernforordning (GDPR). 

Felles personvernombod for SYS-kommunar

Kommunane i Ytre Sogn og Sunnfjord har valt å samarbeide om personvernombod. Carl Nyborg-Christensen vert felles personvernombod for kommunane: Askvoll, Hyllestad, Høyanger, Gaular, Gulen, Fjaler, Førde, Jølster, Naustdal og Solund.

 

Nyborg-Christensen er tilsett i SYSIKT med arbeidsstad på kommunehuset på Skei i Jølster. Han starta i jobben 18. juni 2018.

 

Kontaktinformasjon personvernombodet

Carl Nyborg-Christensen
Jølster kommune
Ospene 1
6843 Skei i Jølster

 

Obs! Ikkje send sensitive personopplysningar på e-post. 

 

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysningar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som vert behandla.
  • Gje innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysningar frå før opplysningane vert behandla.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.
  • Slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for desse. 

 

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrker kommunane sin kompetanse om personvern. Personvernombodet skal gi råd til verksemda slik at personopplysningar vert behandla på ein god måte og i tråd med regelverket. 

 

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonstryggleik. Dette inneber alt frå handtering av spørsmål om innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og kva vi gjer om personopplysningar kjem på avvege. 

 

Teieplikt

Personvernombodet har teieplikt, og kan ikkje få instruksjonar direkte frå kommunen sin leiing. 

 

>> Du kan finne meir informasjon om personvernombod på Datatilsynet sine heimesider.