Søknad om spelemidlar

Søknadsfrist: 1. november

Søknadar sendast elektronisk via: anleggsregisteret

Kulturdepartementet fordelar overskotet frå Norsk tipping AS til idrettsformål. Dette vert kalt spelemidlar.
Det kan søkast om tilskot til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. Det er kun eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidlane.

Ordinære anlegg er anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet samt eigenorganisert fysisk aktivitet. Det er mogeleg å få spelemidlar til dette som tilsvarar 1/3 av godkjent kostnad.

Nærmiljøanlegg er utandørsanlegg for eigenorganisert, fysisk aktivitet, plassert i tilknytning til bu- og/eller aktivitetsområder. Det er mogeleg å få spelemidlar som tilsvarar 50% av godkjent kostnad.

Friluftsanlegg kan få spelemidlar tilsvarande 1/3 av godkjent kostnad.

For å søke om spelemidlar må anlegget stå i kommunen sitt hadlingsprogram. Det kan søkast om å verte innrullert i handlingsprogrammet kvar haust.

Anlegget må ha idrettsfunksjonell førehandskodkjenning før ein kan starte arbeidet med anlegget og søkje om spelemidlar. Søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning sendast til Gaular kommune.

 
 

Kontakt

bilde av personen: Marit Birgitte Refvik
Konsulent
  • Tlf: 57718542
  • Mob: 45429930
  • E-post: