Sunnfjord Miljøverk - Kunngjering om tildeling av einerett til Sunnfjord Miljøverk

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Gaular kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd, § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter. Vidare er Sunnfjord Miljøverk IKS, med same heimel, også tildelt einerett for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

 

Vedtak om einerettstildeling blei fatta av formannsskapet i Gaular kommune sak 149/19, samt ved vedtak i Gaular kommunestyre sak 61 og 62/19.

 

Vedtaka har følgjande ordlyd:

 

Formannsskapet i Gaular kommune sak 149/19:

1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Gaular kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine

lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter.

 

2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

 

 

Gaular komunestyre sak 061/19:

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Gaular kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale

verksemder/institusjonar.

 

Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

 

Gaular kommunestyre sak 062/19:

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Gaular kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter.

 

Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).