Aktivitetsmidlar til ungdom i Gaular kommune

Gaular ungdomsråd tildeler midlar til unge i Gaular kommune mellom 12 og 25 år.
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til aktivitet og tilskipingar for ungdom i Gaular kommune.

 

Skuleklassar, skular, lag og orgaisajonar kan søkje om midlar til utstyr, tekniske innretningar, lokale, aktivitet og arrangement.
Midlane skal nyttast til ting som kjem mange til gode, og er opne for alle.

Søknadane skal vere skriftlege, og ha ein vaksen kontaktperson.
Gaular ungdomsråd prioriterar søknadar.

Søknad sendast:
postmottak@gaular.kommune.no eller Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord

Søknadsfrist: 7. mai 2018.

Sjå retningslinjer (PDF, 174 kB) for tildeling av midlar frå Gaular ungdomsråd.