Bruksendring er å ta eit areal eller bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn kva det den er godkjent til.
Det vert i byggteknisk forskrift (TEK10) sett fleire krav til rom for varig opphold bl.a. rømningsveg, lys og utsyn, romstorleik og romhøyde, ventilasjon, isolering, radonsikring m.m. Du finn meir detaljert omtale i veiledningen (VTEK10), men blant anna gjeld følgande:
-
Avstand golv til vindauge maksimum 1 meter (rømming og utsyn)
-
Vindauge minimum 0,6 x 0,5 meter (netto opning, breidde x høgde), men summen av breidde og høgde skal minimum vere 1,5 meter (rømming)
-
Vindauge. Vanlegvis vil eit vindauge med areal 10 % av golvareal gi tilfredstillande dagslys.
-
Romhøgde bør vere minimum 2,2 meter og golvareal bør vere minimum 7 m2.
Du kan søke på eiga hand dersom:
-
Den delen du skal endre ligg innafor din eigen bustad/bueining eller innafor same branncelle.
-
Du vil bruke bod eller vaskerom som stove, soverom eller liknande. Då endra du rombruken frå tilleggsdel til hovuddel.
-
Den delen du skal endre ligg innafor din eigen bustad/bueining eller innafor same branncelle.
Korleis søkje?
Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:
-
Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit for til dømes utleige.
-
Du skal bruke huset eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag. Det gjeld til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
-
Du skal endre på bæreveggar eller bærande golv.
Utleige:
Utleige er ikkje regulert av plan- og bygningslova (PBL), men arealet som vert leigd ut må vere godkjent som buareal.
Meir informasjon om utleige, bueiningar og søknadsplikt på Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sine nettsider.