Sande skule

Sande skule - Klikk for stort bilete Sande skule vart bygd i 1967, og ligg i sentrum.  Den er påbygd og ombygd ved fleire høve.  Skulen inneheld mellom anna symjehall.  Ein har eit fint naturområde rundt skulen.  Uteområdet ved skulen vert nytta i undervisninga både sommar og vinter.

10. januar 2015 var Gaularhallen offiselt opna som rommar den nye gymnastikksalen til skulen. Skulen fekk også hausten 2014 nybygg med squasshall, kantine, klasserom, datarom, bibliotek og auditorium. I tillegg var også symjebassenget renovert.

Skulen er ein kombinert barne og ungdomsskule.  Det er omlag 250 elevar ved skulen. Det er ein klasse på kvart av trinna i barneskulen, og oftast to parallelar på kvart trinn i ungdomsskulen.

 
 
På barnetrinnet går elevane som høyrer til  Sande sokn.  På ungdomstrinnet går elevane  frå Sande og Bygstad sokn. Det er grunnen til at ein vanlegvis har to klassar på desse trinna.
 
 
 
Sande skule har eige SFO.  Arbeidet i SFO er forankra i vedtektene for SFO v/Sande skule.
Opningstidene er kl. 07.00 - kl. 16.30.
 
 
 
Ved Sande skule vil ein jobbe for at;
 
 
 • Elevmedverknad skal stå sentralt i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa.
 
 
 • Den enkelte elev skal få opplæring tilpassa sine føresetnader.
 
 
 • Samarbeidet med lokalt næringsliv skal bli betre, og at ein nyttar ressursane i næringsmiljøet som ein del av opplæringa.
 
 
 • Temaundervisning, tverrfagleg arbeid og problembasert læring skal stå sentralt.
 
 
 • Tilsette og elevane skal bli aktive IKT- brukarar.
 
 
 • Sande skule skal vere ein god arbeidsplass for alle.
 
 
 
 
 
Berre eit steinkast frå skulen ligg;
 
•-         Sande kyrkje.
 
•-         Kommunehuset i Gaular.
 
•-         Bygdeheimen i Gaular.
 
•-         Bank.
 
•-         Post.
 
•-         Butikk.
 
•-         Kro- og hotell.
 
Publisert av Bjørnar Fjellhaug. Sist endra 04.03.2015 av Berit Grimsbø Hestad
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Rune  Kvammen
Rektor Sande skule
  • Tlf: 57718531/57718530
  • Mob:
  • E-post:  
bilde av personen: Merete Grimestad Birkeland
Undervisningsinspektør/SFO-leiar - Sande skule
  • Tlf: kontor 57718526 - SFO 48048187
  • Mob: 48039669
  • E-post:  
Artikkel m/kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering