Ulike tilskotsordningar

Her finn du ulike tilskotsordningar innan næringsutvikling som du kan søkje på. Tilskotsordningar innan landbruk finn du her.

Kommunale næringsfond 

Sunnfjord Utvikling (SU) Sunnfjord Utvikling AS er næ¦rings- og tiltaksapparatet til kommunane og næringslivet i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.
Føremålet er å bidra til utvikling i Sunnfjord. Dei skal hjelpe nye etablerarar, og leggje til rette for at eksisterande næringsliv kan utvikle seg vidare og eventuelt skape ny aktivitet. Knoppskyting er viktig, særleg i distrikta, og det skjer som regel i etablerte og kreative næringsmiljø¸ eller selskap. Sunnfjord Utvikling har som mål å vere ein tilretteleggjar med god oversikt over kva som skjer i heile Sogn og Fjordane, på tvers av kommunegrensene. Sunnfjord Utvikling har eit nettverk som næringslivet kan bruke i sitt utviklingsarbeid. Du søkjer via regionalforvaltning.no

Søknadsfrist: heile året

 

Gaulafondet skal først og fremst nyttast til næringsføremål, også kommunale tiltak.Prosjekt som er med å gje kvinner og ungdom betre sysselsetjing, vert høgt prioritert. Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller drift. Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje vere på meir enn 50% av samla kapitalbehov for eit prosjekt, men for kvinner og ungdom kan det gjevast opptil 75%. Maksimalt 400 000 kr kan gjevast til eit og same prosjekt over ein tre-årsperiode. Søknadane sendast til kommunen saman med eit kostnadsoverslag. Søknadane vert behandla i Utval for næring og teknisk.

Søknadsfrist: 15.mars

Kontakt

Rådgjevar næring
  • Tlf: 57718520
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: