Bad og kjøkken

 Skal du bygge, rive eller endre bad og/eller kjøkken?

 

Du treng ikkje søke dersom: 

  • Du skal bygge, rive, endre eller reparere bad, vaskerom, kjøkken, eller enkle installasjonar i eksisterande byggverk innafor samme bueining eller branncelle.
  • Du skal bygge eller rive bad eller kjøkken i nytt tilbygg der samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) ikkje er over 50 kvadratmeter og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig bueining.
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike bueiningar (t.d. i blokker) så lenge arbeidet ikkje kjem i konflikt med brannskille mellom bueiningane.

Hugs at rommet må vere godkjent for varig opphald. Om det ikkje er det, må du søke om å endre bruken av rommet.

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Arbeidet bryt skille mot annan bueining (brannskille, lydskille)
  • Endringar i bærande vegg eller konstruksjon.
  • Du skal lage ein nye bueining med bad eller kjøkken i.
  • Du skal bygge eller rive bad i nytt tilbygg over 50 m2. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld reglar for sjølvbyggar.

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp firma med sentral godkjenning.

 

Kontakt

bilde av personen: Magnar  Hellebust
avd. ing. bygg
  • Tlf: 57718522
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: