Bruksendring

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søke om bruksendring.

Bruksendring er å ta eit areal eller bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn kva det den er godkjent til.

Det vert i byggteknisk forskrift (TEK10) sett fleire krav til rom for varig opphold bl.a. rømningsveg, lys og utsyn, romstorleik og romhøyde, ventilasjon, isolering, radonsikring m.m. Du finn meir detaljert omtale i veiledningen (VTEK10), men blant anna gjeld følgande:

  • Avstand golv til vindauge maksimum 1 meter (rømming og utsyn)
  • Vindauge minimum 0,6 x 0,5 meter (netto opning, breidde x høgde), men summen av breidde og høgde skal minimum vere 1,5 meter (rømming)
  • Vindauge. Vanlegvis vil eit vindauge med areal 10 % av golvareal gi tilfredstillande dagslys. 
  • Romhøgde bør vere minimum 2,2 meter og golvareal bør vere minimum 7 m2.

Du kan søke på eiga hand dersom:

  • Den delen du skal endre ligg innafor din eigen bustad/bueining eller innafor same branncelle.
  • Du vil bruke bod eller vaskerom som stove, soverom eller liknande. Då endra du rombruken frå tilleggsdel til hovuddel.
  • Den delen du skal endre ligg innafor din eigen bustad/bueining eller innafor same branncelle.

Korleis søkje?

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit for til dømes utleige.
  • Du skal bruke huset eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag. Det gjeld til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bæreveggar eller bærande golv.

Utleige:

Utleige er ikkje regulert av plan- og bygningslova (PBL), men arealet som vert leigd ut må vere godkjent som buareal.

Meir informasjon om utleige, bueiningar og søknadsplikt på Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sine nettsider.