Bustad eller fritidshus

Nokon må søke for deg

Viss du skal bygge eller rive ein bustad eller fritidsbustad må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søke for deg.(ansvarleg søkar).

Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har lista opp firma med sentral godkjenning.