Adresse

Prestegradsvegen - Klikk for stort bilete Viktig informasjon

De må forsikre dykk om at de er registrert med rett adresse og at adressa er kartfesta på rett stad. Dette er svært viktig for at ambulanse, politi og liknande tenester ikkje får vanskar med å finne fram.

Sjekk adressa på Fjordakart.no

Dersom det er feil eller manglar ber ein publikum ta kontakt med Gaular kommune og gje melding om dette.

Offisielle adresser skal tildelast bygningar for:

  • bustadføremål
  • fritidsføremål
  • næringsverksemd
  • offentleg verksemd

Det kan også vere aktuelt å tildele adresse til anna enn bygningar dersom dette har allmenn/ offentleg interesse.
 

Kommunen tildeler adresser etterkvart som det vert sett opp nye bygg som skal ha adresse. Adressa skal som hovedregel knytast til den vegen bygningen har tilkomst frå.

Det kan også vere aktuelt å endre eksisterande adresse t.d.

  • ved ny tilkomstveg
  • fortetting av hus/ vidare utbygging
  • vanskar knytt til å finna fram med den adresseringa som er
  • retting av feil ved tidlegare adressevedtak

 

Gaular kommune har vedteke at det skal nyttast vegadresse i Sande sentrum, i Bygstadhaugane bustadfelt og Hellebustneset bustadfelt.

I områder der kommunen ikkje har innført vegadresse, vert det nytta matrikkeladresse.

Det vert då nytta gnr./bnr/fnr. med tillegg for undernummer der det er fleire adresseverdige bygg på ein eigedom.

Kontakt

bilde av personen: Trond Hegrestad
avd.ing. oppmåling
  • Tlf: 57718523
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: