Energiportalen

Høge staumrekninger? Finn dei rette energitiltaka for din bustad med kommunen sin energiportal – heilt gratis!
 

Mange opplev høge straumkostnader for tida. Det kan lønne seg å installere energitiltak, som til dømes varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadane.

Kommunen har ein gratis og objektiv energiportal som gir deg raskt svar på kva energitiltak som passar i akkurat din bustad.

  1. Gå inn på energiportalen.no
  2. Tast inn adressa di og definér storleiken på bustaden din.
  3. Kryss av for kva varmekielder som nyttas i bustaden i dag, kva standard bustaden har, og om du har gjort oppgraderingar.
  4. Definér antall personar i hushaldninga og kor ofte/kor lenge kvar person dusjar, og antall karbad pr veke.
  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i husstanden din.
  6. Simulér deretter ulike energitiltak i bustaden din og sjå kva aktuelle tiltak du sparar mest energi og kostnadar på pr år. Vurdér dette opp mot innkjøpspris.
  7. For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du får opp lokale leverandørar som kan installere tiltaket. Be om tilbod fra yil dømes tre av dine næraste leverandørar.
  8. Etter installasjon vil du sjå at straumkostnadane faller, gitt at du held same nivå for varme og komfort.