Vatn og avløp

Gebyr

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du koplar eigedommen din til det kommunale vass- og avløpsnettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling.  Tilkoplingsgebyret vert som regel kravd etter at det er gjeve byggeløyve.

Årsgebyr for vatn og avløp er årlege gebyr som du må betale til Gaular kommune når eigedommen din er tilkopla det kommunale kloakknettet.  Kommunen reknar årsgebyr for vatn og avløp frå den datoen bygget er tilkopla.  Har du spørsmål kring fakturering må du ta kontakt med tenestetorget på telefon 57 71 85 00 .

Gebyrsatsane går fram av  prislista (PDF, 612 kB) som er lagt ut på heimesida.

Grunnlaget for utrekning og innkrevjing av gebyr, ligg i lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr (PDF, 133 kB).

Fråkopling av vatn og avløp

 

fråkopling av eksisterande stikkledningar skal utførast av fagkunnig føretak, og meldast til kommunen før fråkopling skjer.

Finn skjema her

Kontakt

bilde av personen: Magnar  Hellebust
avd. ing. bygg
  • Tlf: 57718522
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: