Dagtilbod

 Aktivitetsstova - Klikk for stort bilete

Dersom du av ulike årsaker ikkje er deltakar i det ordinære arbeidslivet, og ynskjer å fylle dagen med meiningsfull aktivitet i fellesskap med andre, kan du søkje om dag/- aktivitetstilbod.

Dag/- aktivitetstilbodet skal bidra til at mottakaren får eit aktivt og meiningsfullt tilvære i fellesskap med andre. Tilbodet blir tilpassa den einskilde brukaren sine interesser, ressursar og behov for dagaktivitet.

Du kan ytre ønskje om eit dagtilbod ved å henvende deg til kontaktpersonar i tenesta, anten via telefon, e-post, brev eller ved personleg frammøte. Vi vil så fort som mogeleg informere deg nærare om tilbodet, og i lag med deg finne ut om dette er i samsvar med det tilbodet som du ynskjer.

Kontakt

bilde av personen: Roger Lundekvam
einingsleiar psykisk helsearbeid
  • Tlf: 57718210
  • Mob: 95209377
  • E-post: