Randastova/Motiview

Nissar laga på Randastova - Klikk for stort bilete Randastova finn du på Gaular bygde- og sjukeheim. Her er tilrettelagt for aktivitetar av ymse slag. Det kan vere handarbeid, trim, kortspel, lesestund og andre sosiale aktivitetar. 

 

Dagtilbodet skal bidra til enkel hjelp, tilsyn, tilrettelegging og eit meiningsfullt tilvære i fellesskap med andre. Tilbodet blir tilpassa den einskilde søkjaren sine interesser, ressursar og behov for dagaktivitet.

Dei daglege aktivitetane vert leia av aktivitør Gunn Nedrebø - nærare informasjon ta kontakt på tlf 57 71 82 25.  

Søk om dagtilbod  Gå til søknadskjema (PDF, 75 kB)

 

Søknad sendast til:

Gaular kommune v/helse og sosialetaten, Førdevegen 15, 6973 Sande

Publisert av Reidun Strand. Sist endra 25.02.2015 av Kari Iren Birkeland

 Motiview2 - Klikk for stort bilete Motiview - Klikk for stort bilete

Motiview

 

Gaular er ein av dei første kommunane i fylket som har byrja å satse på meir teknologi innanfor helse- og omsorgstenestene. Innkjøp av sykkel som er litt utanom det vanlege - den vert kalla Motiview, er stasjonær og kjem saman med ein mengde videoar. Ved hjelp av dei levande bileta på TV-skjermen er det meininga at brukarar skal få kjensla av at dei syklar i kjente omgjevnadar ved å sjå på videoen framføre seg.

Med spesialsykkelen som kan brukast med både armar og bein kan brukaren drive seg fram gjennom landskap dei kjenner og er glade i. Ved at dei driv sykkelen, spelar dei seg gjennom ein 180 graders film frå kjente lokale stader som blir vist på ein skjerm framfor dei.

Som eit spleiselag mellom alle helselaga i kommunen og Gaular kommune vart sykkelen kjøpt inn sommaren 2014.

 

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Therese Brakestad
einingsleiar heimetenesta
  • Tlf: 57 71 82 38
  • Mob: 97054100
  • E-post:  
 
 
Login for redigering