Barne og familievern

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under vanskelege forhold, får nødvendig hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.


Barnevernet hjelper alle barn og unge frå 0 til 18 år og familiane deira. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fylt 23 år.

Melding til barnevernet

Dersom eit barn lever under forhold som kan skade helsa eller utviklinga deira, har offentleg tilsette plikt til å melde frå om dette skriftleg til barnevernet. Andre, som familie, vener og naboar, kan òg melde frå til barnevernet.

 

Slik melder du frå til barnevernet 

Du kan ringe oss, møte opp personleg eller skrive brev. 

 

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker vert avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. 

 

Barnevernteneste skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gje tilbakemelding. 

 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova. 

 

Kontaktinformasjon Førde og Gaular barnevernteneste

Slik kontaktar du barnevernet i Førde og Gaular:

  • telefon: 57 72 21 30, kl. 08:00–15:30
  • besøksadresse: Førde rådhus, 3. etasje
  • postadresse: Førde og Gaular barnevernteneste, Postboks 338, 6802 Førde

 

Krisesituasjonar - her kan du ringe

  • Vaktordning for barnevern utanom kontortid: 474 57 272 

Vaktordninga er felles for kommunane Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Flora, Bremanger, Vågsøy, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. 

  • I krisesituasjonar kan du også ringe politiet på tlf. 02800

Ring krisesenteret om du er utsett for vald

Dersom du blir utsett for vald av ein som står deg nær, kan du ringe her:

> Sjå også: dinutvei.no - nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod til utsette for vold, overgrep og voldtekt. 

 

Familievern

Dersom du har problem i familien eller i samlivet, kan du kontakte familievernet. Vi legg vekt på å førebyggje og rår deg til å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir fastlåste. Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med familievernkontoret. 

Kontaktinformasjon familievernkontoret