Barne- og familievern

Barnevernet si hovudoppgåve

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.


Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Førde og Gaular kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Melding til barnevernet

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding, evnt. søknad, til barneverntenesta.

Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barnevernet.

Last ned skjema her:

Melding til barnevernstenesta (PDF, 613 kB)

 

Søknad hjelpetiltak (PDF, 307 kB)

 

Kontaktinformasjon Førde og Gaular barnevernteneste

Ansvaret for barnevernet ligg til eininga helse og barn lokaliser i Førde rådhus:

  • Tlf. nr.  57 72 21 30 frå kl 08.00 - 15.30
  • Besøksadresse: Førde rådhus, 3. etasje (Helsestasjonen)
  • Postadresse: Helse- og barn, Førde og Gaular barnevernteneste, Postboks 338, 6802  Førde                                                                                          

 

Krisesituasjonar

Gaular kommune har ingen vaktordning for barnevern utanom kontortid. Om det oppstår krisesituasjonar, ta kontakt med Politiet på tlf 02800.

 

Førde kommune har samarbeid og avtale med stiftinga Krisesenter i Sogn og Fjordane til kvinner, barn som er utsett for vald i nære relasjonar.

  • Døgnvakt Krisesenter: 57 74 36 00
  • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) er ein naudtelefon for barn og unge. Der møter du vaksne som forstår korleis du har det, og som bryr seg om at du får det betre. Naudtelefonen er open når barnevernkontora er stengt. I vekedagar er den open frå kl 15.00 og til kl 08.00 neste morgon. I helgane er den open heile døgnet.

 

Familievern

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebygging og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.

 

Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor.

  • Familiekontoret i Førde held til i Storehagen Atrium, Storehagen 1 B. Kontoret dekker kommunane: Flora, Hyllestad, Askvoll, Solund, Høyanger, Balestrand, Fjaler, Jølster, Naustdal, Gulen, Gaular, Førde.
Sist endra 09.07.2015 av Strand, Reidun
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Ove Mjåtveit
einingsleiar barnevern
  • Tlf: 577 22106
  • Mob: 952 23 430
  • E-post:  
 
 
Login for redigering