Demensteam

Demensteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. I tillegg yter vi hjelp til pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte. Vi har teieplikt og kan hjelpe.

Kontaktinformasjon:

  • Mobiltelefon: 97054124

  • E- post: demensteam@Gaular.kommune.no

  • Postadresse: Demensteamet i Gaular, Førdevegen, 6973 Sande

  • Besøksadresse: Helse-og omsorgssenteret Gaular kommune

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens. Målet er å skape ein trygg og forutsigbar kvardag både for demensråka og deira pårørande.

Dei kan mellom anna hjelpe med å klargjere rettane til den enkelte brukaren og kontakte og samarbeide med hjelpeapparatet. Teamet ønskjer å gje råd og rettleiing i dagleglivet og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.

Korleis arbeider demensteamet?

Saman med Førde, Jølster og Naustdal driv vi pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande og for personar som lever med demens

  • Kartlegging av personar med demens eller mistanke om demens, i samarbeid med andre som yter hjelp. Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein del av dette kartleggingsarbeidet.

  • Rettleiing for tilsette som arbeider med personar som lever med demenssjukdom og deira pårørande

  • Vakttelefon for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens

 

Vi har teieplikt, så all kontakt med oss vert handsama konfidensielt.

 

Kurs blir planlagt for 2019 og informasjon om dette vert lagt ut fortløpande på www.gaular.kommune.no/demensteamet

 

Nyttige nettstader om demens