Fysioterapi

I Gaular kommune er vi 3 kommunalt tilsette fysioterapeutar. Fysioterapitenesta tilbyr tenester til menneske i alle aldrar, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsnedsettingar eller andre livsendringar kan ha vanskar med å meistre eigen kvardag. Vi bidreg òg i det helsefremjande og førebyggande arbeidet i kommunen.

Våre hovudoppgåver er:

  • Vurdering, behandling og opptrening, individuelt eller i gruppe:
    • Barn, unge og gravide
    • Eldre
    • Nevrologiske tilstandar
    • Muskel- og skjelettplager
    • Pre- og postoperativ oppfølging
    • Hjarte-, lunge- og karsjukdom
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel.
  • Hørsel- og synskontakt.
  • Habiliteringsoppgåver knytt til barn og unge
  • Rehabiliteringsoppgåver knytt til vaksne og eldre
  • Bustadrådgjevning

Kvar finn du oss?

  • I 1.etasje v/Gaular bygde- og sjukeheim, i enden av legekontorgangen.

Opningstider:

  • Man-tors: 08.00 - 15.15
  • Fredag: 08.00 - 15.00
  • Laurdag og sundag: Stengt

Kva kostar det?

Bortimot alle må betale eigenandel hos fysioterapeut. Unntak er;

  • Barn og unge under 16 år
  • Personar med yrkesskade
  • Personer som er inneliggande på institusjon
  • Hjelpemiddelformidling
  • Tverrfagleg arbeid utført av fysioterapeutar

Ein betalar med kort eller kontant etter kvar time. Eigenandelar som blir kravd inn er i samsvar med gjeldande takstplakat.

Dersom du betalar meir enn 1990 kroner i laupet av eit kalenderår, oppnår du frikort tak 2. Dette vil bli sendt ut automatisk når ein oppnår oppgitt sum.

Dersom ein ikkje kan møte til avtalt time hjå fysioterapeut, må ein gje melding om dette seinast arbeidsdagen før. Elles lyt ein betale for den oppsette timen ein ikkje har møtt til. Betaling for ikkje møtt reknast ikkje med på frikortet. Dersom ein har oppnådd frikort må ein likevel betale for manglande oppmøte.