Hjelpemiddel

Rullestol - Klikk for stort bilete

Utlån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett helse kan ha nytte av hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål, og for å kunne vere meir sjølvstendig i eige liv.

Fysikalsk avdeling har hovudansvar for hjelpemiddelformidling i Gaular kommune. Kontaktperson:

Silje Marita Vallestad; for syn, hørsel og andre tekniske hjelpemiddel.

Telefon: 57718260/40416991

Korttidslån eller kjøp av enkle hjelpemiddel

  • Ved kortvarig behov for enkle hjelpemiddel som til dømes transportrullestol, toalettforhøgar, dusjstol og arbeidsstol, kan du få låne dette av kommunen.
  • Sal av for eksempel krykker og strømpepåtrekker


Langtidslån

  • Har du eit langvarig behov for hjelpemiddel, må du ta kontakt med fysikalsk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelp deg med å finne ut kva hjelpemiddel du kan ha behov for, og søker til NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane om utlån av dette.
  • Ved behov for reparasjon av hjelpemiddel, ta kontakt med fysikalsk avdeling.


For å få låne hjelpemiddel hjå Gaular kommune, må du bu eller opphalde deg i kommunen.

Alle hjelpemiddel, både dei som har vore på kort- og langtidsutlån er brukar sjølv ansvarleg for å ta vare på og vedlikehalde. Er noko øydelagt skal ein ta kontakt med kommunen for vurdering av reparasjon. Når det ikkje lengre er bruk for hjelpemiddelet, eller dersom hjelpemiddelet vert defekt skal dette leverast tilbake til kommunen. Hjelpemiddelet skal reingjerast før det blir levert tilbake til kommunen.

Kontakt

einingsleiar fysioterapi
  • Tlf: 57718260
  • Mob: 40416991
  • E-post: