Individuell plan

 Storevik vegen. - Klikk for stort bilete

Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få utarbeidd individuell plan. Planen skal utformast i samarbeid med brukaren. Som hovudregel vert individuell plan utarbeidd i ei ansvarsgruppe.

 

Dei som har behov for heilskapleg og målretta tenester grunna funksjonshemming eller av andre årsaker kan få individuell plan og ansvarsgruppe.

Søkjaren må gi skriftleg samtykke i at det vert utarbeidd ein individuell plan. Den som ønskjer individuell plan må også skrive under på at ein godtar at dei som skal vere med i arbeidet med å utarbeide planen, kan utveksle opplysningar om brukaren som i utgangspunktet er underlagt teieplikt. Dette gjeld berre opplysningar som er nødvendige for å utarbeide planen.

Det må sendast ein skriftleg søknad med god begrunning kvifor planen bør utarbeidast.

Søknad skal sendast til Gaular kommune, fysikalsk avdeling, Førdevegen 15, 6973 Sande

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 19.02.2015