Helsestasjon for born

Måling av høgde - Klikk for stort bilete

 

Helsestasjonen finn du i første etasje i helse og omsorg - tlf 577 18 270 / 970 54 125   

 

 

Når du har født eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk og oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Helsestasjon for born er eit tilbod om:

  • heimebesøk
  • 13 faste helseundersøkingar, der ein har fokus på barnet sin trivsel og utvikling 
    skjema (PDF, 172 kB)
  • barnevaksinasjon
  • informasjon og foreldrerettleiing
  • førebyggjande psykososialt arbeid
  • tverrfagleg samarbeid
  • samarbeid om habilitering av born og unge med spesielle behov
  • tilbod om barselgrupper, målet med gruppene er å vere ein sosial møteplass og informerer om aktuelle tema 

Postadresse: Førdevegen 15, 6973 Sande