Helsestasjon for ungdom

Revebjeller - Klikk for stort bilete Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til ungdom under 20 år som bur i Gaular. Ungdomshelsestasjonen ligg i 1. etasje på Gaular Bygde- og Sjukeheim. Dei som arbeider her har teieplikt.

 

Helsestasjonen for ungdom er open onsdagar kl 14.00 til 15.30. Du treng ikkje bestille time, ta kontakt ved behov.

Dersom du ønskjer å snakke med helsesøster utanom opningstida til helsestasjon for ungdom, kan du ta kontakt med helsesøster på skulen eller ringe tlf. nr. 57718270.

 

 

Kva kan du bruke helsestasjon for ungdom til?
  • · Generelle helsespørsmål
  • · Samliv og seksualitet
  • · Prevensjon
  • · Kjønnsjukdomar - Urinprøve kan påvise klamydia!!
  • · Graviditets- og abortspørsmål
  • · Rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
  • · Vonde kjensler og tankar
  • · Psykiske problem som spiseforstyrringar, sjølvskading og andre helseplager

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.

Vi på helsestasjon for ungdom kan gi deg råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt og eventuelt tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.

På helsestasjon for ungdom kan du også hente brosjyrar og gratis kondomar.