Heimehjelp

Skagetunet - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Dersom du meiner at du har behov for praktisk hjelp for å greie dei daglege gjeremål i heimen kan du søkje om heimehjelp. Du må vere heimebuande, og du må ha eit særskilt hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker. Dersom du bur i lag med ein som kan utføre husarbeid, vert din del av oppgåvene vurdert.

Korleis får eg denne tenesta?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt (PDF, 15 kB)og levere den med søknaden.
  • Avdelingsleiar vurdere søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ein kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp.

Gå til søknadskjema (PDF, 97 kB)

 Søknad sendast til: Gaular kommune, v/ helse og omsorg, Førdevegen 15, 6973 Sande

 

Må eg betale for heimehjelp ?

Det er eigenandel på heimehjelp som er regulert etter inntekt i husstaden.