Jordmor

Er du gravid, tilbyr jordmor deg svangerskapskontroll. Målet med dette er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for mor og baby. Jordmortenesta er omsorg rundt graviditet og fødsel, barseltid og nyfødtperiode. 

Ta kontakt med Gaular helsestasjon for å tinge time hjå jordmor som har kontor på helsestasjonen i 1. etasje Gaular bygde- og sjukeheim.

Jordmor er å treffe desse dagane:

kvar tysdag og fredag samt onsdagar i partalsveker frå kl. 08.00 - 15.30.

Kvar gong du skal på kontroll - ta med:

  • Urinprøve (tatt om morgonen same dag som du skal til kontroll)
  • Helsekortet ditt

Jordmor eller fastlege?

Du kan velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller fastlege i svangerskapet eller gjennom eit samarbeid mellom lege og jordmor.

Svangerskapsomsorg er medisinsk kontroll og omsorg og støtte til mestring av denne viktige forandringa i livet. Jordmor informerer om fosteret si utvikling, fødsel og tida etter fødsel med bla heimebesøk kort tid etter fødsel.

Jordmor samarbeider først og fremst med lege og helsesøster. Når det er trong for det, tek ein kontakt med fødeavdeling og poliklinikk

Program for svangerskapskontrollane:

Program for svangerskapskontrollane

Svangerskapsveke

Program for svangerskapskontroll

Veke 8 - 12

Jordmor eller lege - Blodprøver: Hgb, Rhesus, syfilis

Individuelt

Jordmor

Veke 17 - 19

Utralyd, Helse Førde HF

Veke 24

Jordmor, Føtal Rh prøve for Rh-negative kvinner.

Veke 28

Jordmor

Veke 32

Jordmor

Veke 36

Jordmor

Veke 38

Jordmor

Veke 40

Jordmor

Veke 41

Overtidsvurdering, Helse Førde HF

Kontakt

jordmor
  • Tlf: 57718270
  • Mob: 97054101
  • E-post: