Reisevaksinasjon

Til deg som skal ut å reise eller av andre grunnar ønskjer å bli vaksinert.

Gaular legekontor kan gje deg vaksiner mot sjukdomar du ønskjer/treng vern mot ved:

  • -reise til utlandet
  • -om du framleis ønskjer å ha beskyttelse mot sjukdomar du vart vaksinert mot som barn (difteri/stivkrampe/kikhoste/polio) - revaksinering etter 10 år

Dersom du ønskjer slik vaksinasjon, må du ta kontakt med legekontoret på
tlf 57 71 82 40 i god tid før avreise til utlandet for å kunne ha effekt av vaksina.

Vi gjer merksam på at større vaksinasjonsprogram som feks hepatitt A og B kan ta fleire månader å få gjennomført.

Ytterlegare informasjon om reisevaksine finn du mellom anna på nettstaden www.fhi.no.

Når du skal ta vaksine må dette gjerast:

 

1. Fylle ut skjema i lag  med vaksinatør. Skjema som skal fyllast ut ser du her:

Sjå skjema (PDF, 280 kB)

 

2. Du må skrive detaljert angåande reisemål, butilhøve på reisa, opphaldstid, spesielle utfordringar/risiko.

Gå til skjema (PDF, 282 kB)

 

3 Reisevaksinasjon må ta omsyn til vaksiner du har fått tilegare. Om du har så ta med gamle vaksinasjonskort eller vernepliktsbok.

Du må alltid vente 20 minutt etter vaksinasjon før du reiser