Midlar til kulturhus - søknadsfrist 31.03.2019

Sogn og fjordane fylkeskommune delar ut tilskot til desentralisert ordninga for tilskot til kulturbygg skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Søknadar om tilskot frå ordninga skal sendast inn elektronisk, og via kommunen der lokalet ligg. Ta kontakt med din kommune for nærare informasjon om søknadsprosessen og om den lokale søknadsfristen.

For meir informasjon sjå Sogn og Fjordane fylkeskommune 

Søknaden må vere sendt seinast 31.03.2019.

Søknadar sendast elektronisk via www.anleggsregisteret.no
 
  • I søknadsskjemaet skal ein registere kva organisasjon søknaden gjeld for, kva anlegg ein søkjer om tilskot til, og kva tiltak ein skal gjennomføre. For å kunne sende inn ein søknad på vegne av ein organisasjon, må organisasjonen være registrert i Enhetsregisteret. Det vil seie at organisasjonen må ha eit organisasjonsnummer.
     
  • Det er også nødvendig at anlegget er registrert i anleggsregisteret av kommunen. Kvar organisasjon må ta kontakt med kommunen der anlegget ligg for å få anlegget oppført i registeret. Dersom organisasjon og anlegg er kopla korrekt i anleggsregisteret  vil søkjar få opp ei liste over sine anlegg når dei fyller ut søknaden. Difor er det i utgangspunktet ikkje naudsynt å søkje opp sitt eget anlegg.
Oppvekst og kulturutvalet prioriterar søknadane som kjem inn frå Gaular kommune.