Driveplikt

Roska - Klikk for stort bileteRoska

Eigar av eigedom med jordbruksareal har driveplikt i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at eigar sjølv driv jorda eller ved vekkleige.

Jordbruksareal skal drivast

Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dersom eigedommen har slikt areal er det driveplikt på eigedommen, uansett kor stort arealet er. Ny eigar har 1 år på å bestemme seg for om driveplikta skal oppfyllast personleg (eigar driv jorda sjølv) eller ved vekkleige.

Det kan søkast om fritak frå driveplikta. Grunngjeven søknad om fritak frå driveplikt sender du til kommunen.

Les meir om driveplikt.

 

Jordleige

Eigar kan velje å oppfylle driveplikta ved å leige vekk jorda. Jorda må leigast vekk som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i minimum 10 år av gangen. Jordleigeavtalen skal vere skriftleg og skal gje driftsmessige gode løysingar. Kopi av jordleigavtalen sender du til kommunen.

 

Her finn du jordleigeavtalar.

 

Les meir om jordleigeprisar.

 

 

 

Kontakt

bilde av personen: Linn Hovlandsdal
fagkonsulent landbruk
  • Tlf: 57718534
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: