Jordbrukstiltak

 Under finn du ulike jordbrukstiltak

Viksdalen  - Klikk for stort bileteViksdalen

Nydyrking

Dersom du ynskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søkje kommunen om godkjenning. Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lagt unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.

Søknad sendast til kommunen.

Søknadsskjema

Les meir om nydyrking.

 

Spreiing av husdyrgjødsel

Husdyrgjødsel som vert spreidd på opa mark skal straks og seinast innan 18 timer etter spreiing moldast ned, og er berre lov i perioden 15. februar til 1. november. Det er ikkje tillate å spreie husdyrgjødsel på snødekt eller frosa mark. Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding bør gjerast so tidlig i vekstsesongen at det er mogleg å få gjenvekst som haustast ved slått eller beiting.

I Gaular kommune er det ved lokal forskrift bestemt at siste dato for spreiing av husdyrgjødsel er 1. oktober.

 

Gjødslingsplan og sprøytejournal

Dersom du brukar gjødsel eller plantevernmidlar er det krav til gjødslingsplan og sprøytejournal. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal vil føre til avkorting av produksjonstilskotet.

Kommunen kan gje dispensasjon frå full gjødslingsplan for føretak med jordbruksareal som vert drive særs ekstensivt.

Norsk landbruksrådgiving utarbeidar gjødslingsplanar til medlemmene sine. Er du ikkje medlem kan du få utarbeidd gjødslingsplan av andre.

Les meir om gjødselplan og sprøytejournal.

 

Jordprøver

Skal du lage ny gjødselplan bør du ta nye jordprøver. Representative jordprøver skal i hovudsak takast kvart 4. – 8. år.

Utstyr til å ta jordprøver kan du låne hjå kommunen. Jordprøvene sender du til laboratoriet sjølv eller via Norsk landbruksrådgjeving, dersom du er medlem.

Rettleiing uttak av jordprøver.

Publisert av Janne Kristin Bøyum. Sist endra 09.06.2015 av Linn Hovlandsdal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Linn Hovlandsdal
fagkonsulent landbruk
  • Tlf: 57718534
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering