Konsesjon og buplikt

Bygstad - Klikk for stort bileteBygstad

 

 

 

Konsesjon

Skal du overta fast eigedom ved kjøp, arv, gåve osb. eller stifting og overdraging av leigerett og annan liknande bruksrett over 10 år er overtakinga i utgangspunktet konsesjonspliktig. Du må difor søkje om konsesjon. Konsesjon betyr tillating til tileigning/kjøp av fast eigedom.

Konsesjonssøkjar skal betale gebyr, med mindre tileigninga er konsesjonsfritt på grunn av slektskap eller odel, og søkjer konsesjon fordi han ikkje skal oppfylle buplikta.

Søknad om konsesjon sender du til kommunen.

Søknadsskjema

Prisliste (PDF, 175 kB)

Les meir om konsesjon.

 

Konsesjonsfridom

Det fins mange unntak frå konsesjonsplikta. Ofte kan ein fri seg frå konsesjon ved utfylling av skjema eigenfråsegn/eigenerklæring om konsesjonsfridom. Hovudregelen er at desse er unntatt konsesjonsplikt

  • bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og heller ikkje har meir enn 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord
  • tomt til bustad – og fritidsføremål
  • ubebygd areal som er lagt ut til anna enn landbruks – natur – og friluftsområde (LNF – område)
  • konsesjonsfridom på grunn av slektskap eller odel

Eigenfråsegnskjema sender du til kommunen. Kommunen skal stadfeste opplysningane på skjemaet, mellom anna om det inneberer deling av driftseining. Etter stadfesting frå kommunen sender du skjemaet saman med heimelsdokument (festekontrakt, skøyte eller liknande) til tinglysing, Kartverket Tinglysing.

Dersom overtakinga gjeld andre eigedommar enn landbruk er Trond Hegrestad kontaktperson.

Eigenfråsegn/eigenerklæring

Les meir om konsesjon

 

Buplikt

Buplikt kan setjast som vilkår for konsesjon eller buplikt kan vere vilkår for konsesjonsfridom.

Vilkår for konsesjonsfridommen på grunn av ekteskap, slektskap og/eller odelsrett ved tileigning/kjøp av landbrukseigedom over ein viss storleik, er at du buset deg på eigedommen innan eitt år og bur der samanhengande i minst 5 år. Dette gjeld eigedom med meir enn 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller har meir enn 500 dekar produktiv skog. Eigedommen må og ha bygning som er eller har vore brukt som heilårsbustad.

Skal du ikkje busetje deg på eigedommen innan fristen på eitt år må du søkje om konsesjon. Søknad om konsesjon sender du til kommunen.

Søknadsskjema

Les meir om buplikt.

 

Publisert av Janne Kristin Bøyum. Sist endra 09.06.2015 av Linn Hovlandsdal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Linn Hovlandsdal
fagkonsulent landbruk
  • Tlf: 57718534
  • Mob:
  • E-post:  
bilde av personen: Trond Hegrestad
avd.ing. oppmåling
  • Tlf: 57718523
  • Mob:
  • E-post:  
Informasjon/rettleiing (2)
 
 
Login for redigering