Omdisponering og deling

Jordlova har reglar om omdisponering av dyrkbar og dyrka jord og om deling av landbrukseigedom.

Viksdalen - Klikk for stort bileteViksdalen

Omdisponering

Dersom dyrkbar eller dyrka jord skal brukast til anna enn jordbruksproduksjon må det søkjast om løyve til omdisponering.

Søknad om omdisponering etter jordlova gjeld som regel mindre areal til bustad – eller fritidstomter, men og mellombels omdisponering t.d. mellombels lagring av massar. Kommunen kan gje dispensasjon til omdisponering dersom særlege høve tilseier det. Det er ynskjeleg at omdisponering i størst mogleg grad skjer som fylgje av ein kommunal plan, fordi det då vert tatt ei breiare vurdering av kommunen sitt arealbehov på sikt.

Søknad om omdisponering sendast til kommunen. Søknaden skal vere grunngitt og det skal fylgje med kart. Det er ikkje utarbeidd eigne søknadsskjema for søknad om omdisponering.

Les meir om omdisponering.

Link til kart.

Deling etter jordlova

Dersom ein del av ein fast eigedom skal delast i frå må det søkjast om løyve. Ved forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom for meir enn 10 år, må det og søkjast om løyve. Med eigedom er det og meint rettar som ligg til eigedommen og partar i sameige.

Søknad om deling skal handsamast/vurderast etter jordlova og plan - og bygningslova, med unntak for deling av driftseining som berre skal handsamast etter jordlova. Det er ikkje eige søknadsskjema for deling av driftseining. Søknad om deling av driftseining skal vere grunngitt.

Det vert tatt gebyr etter jordlova, plan – og bygningslova og matrikkellova.

Søknad om deling sendast til kommunen.

Søknadsskjema

Prisliste (PDF, 175 kB)

Link til kart.

Sjå deling av eigedom på vår heimeside.

Les meir om deling.     

          

Publisert av Janne Kristin Bøyum. Sist endra 09.06.2015 av Linn Hovlandsdal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Linn Hovlandsdal
fagkonsulent landbruk
  • Tlf: 57718534
  • Mob:
  • E-post:  
Informasjon/rettleiing (1)
Lokale vedtekter (1)
 
 
Login for redigering