Skade og erstatning

Vinterskadd eng Hauken - Klikk for stort bileteVinterskadd eng Hauken

 

 

 

Avlingssvikt

Jordbruksføretak med vesentleg avlingssvikt kan søkje om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatning føreset at du har meldt tidleg ifrå til kommunen om skaden.

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot i jordbruket kan søkje. Vilkåret er at skaden skuldast klimatiske tilhøve. I tillegg skal ein drive på ein fagleg forsvarleg måte som inneberer å førebygge og avgrense skadar. Det er eit vilkår om at det vert gitt melding til kommunen med ein gong du vert klar over at ein skade har skjedd eller kan oppstå, og at du ikkje kan vente til at avlinga er hausta for å fastslå skadeomfanget.

Søknadsfrist: 31. oktober i det året skaden oppsto.

Søknad sendast til kommunen

Elektronisk
Papir

Les meir om avlingssvikt

 

Vinterskade på eng

Tiilskot til utbetring av vinterskadd eng er avvikla frå og med 2016.

 

Naturskadeerstatning

Statens naturskadefond gjev erstatning for naturskade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg, privat forsikringsordning.

Ler meir om naturskadeerstatning

 

Rovvilterstatning

Har du tapt husdyr til rovvilt kan du søkje om erstatning. Søknad sendast elektronisk via Miljødirektoratet sine nettsider.

Søknadsfrist: 1. november.

Søknadsskjema

Les meir om rovvilterstatning