Tilskot i jordbruket

Hestad, Standnes og Laukeland i haustsol - Klikk for stort bileteHestad, Standnes og Laukeland i haustsol

Her finn du dei mest brukte tilskotsordningane i jordbruket.  

 

Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Tilskot kan gjevast til føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon. For føretak med planteproduksjon kan tilskot gjevast til avløysing i onnetida. Det kan gjevast tilskot til dokumenterte utgifter ved avløysing til sjukdom, svangerskap, fødsel, adopsjon, sjukt barn mv.

Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar.

Søknadsfrist: Tre månadar etter siste dag i perioden avløysinga har funnet stad.
Søknad sendast til kommunen.

Papirsøknad

Les meir om avløysing ved sjukdom mv.

 

Produksjonstilskot - nytt system for søknadar i 2017

Produksjonstilskot er ei fellesnemning på mange tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke på, t.d. arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr osv. Føremålet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.

Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar.

Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal vil føre til avkorting av produksjonstilskotet.

Nytt system for søknadar i 2017. Les meir om nytt søknadssystem 2017

Søknadsfrist: 15. mai og 15. oktober.
Landbruksdirektoratet har bestemt at frå og med mai 2017 skal søknad sendast elektronisk.

Elektronisk søknad

Les meir om produksjonstilskot i jordbruket.

 

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet er å leggja til rette for best mogeleg utnytting av beite i utmark, redusera tap av dyr på utmarksbeite og fremma fellestiltak i beiteområde. Tilskotet gjeld både for sau, geit, storfe og hest på utmarsksbeite. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forvaltar ordninga.

Beitelag og andre lag og organisasjonar innan landbruket kan søkje om investeringsstøtte. Føretak som har rett til produksjonstilskot der det grunna naturgjevne eller driftsmessige tilhøve ikkje ligg til rette for samarbeid kan og søkje, men fellestiltak kan prioriterast høgare enn private tiltak.

Søknadsfrist: 1. mars.

Søknad sendast til kommunen.

Papirsøknad

Les meir om tilskot til tiltak i beiteområde.

 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket skal fremje natur - og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere ureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Prosjekta og tiltaka vert prioriterte ut frå lokale målsettingar og strategiar. For å kunne søkje må ein ha rett på produksjonstilskot i jordbruket.

Søknadsfrist: 20. april.

Søknad sendast til kommunen.

Tiltaktsstrategi 2017 - 2020 vedteken 23.05.2017 inneheld retningslinjer for prioritering av prosjekt og tiltak. Les tiltaksstrategien før du søkjer.

Tiltaksstrategi 2017 - 2020 (PDF, 863 kB)

 

Søknadsskjema og meir informasjon.

 

Tilskot til drenering

Tilskot til drenering skal betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke produktiviteten, samt å redusere risiko for erosjon og overflateavrenning til vassdrag. Eigar av, eller føretak som leiger, tidligare grøfta jordbruksareal kan søkje.

Søknadsfrist: Gaular kommune handsamar søknader fortløpande.

Søknadsskjema og meir informasjon.

 

Regionalt miljøprogram – RMP

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår. For å kunne søkje må ein ha rett på produksjonstilskot i jordbruket

Søknadsfrist: 15. oktober.

Søknad sendast til kommunen elektronisk via altinn eller på papir.

Elektronisk søknad

Papirsøknad

Les meir om regionalt miljøprogram.

 

Organisert beitebruk

Driftstilskot til organisert beitebruk skal stimulera til samarbeidstiltak for å få til ein effektiv beitebruk som bidreg til å halda kulturlandskapet ope. Driftstilskot kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.

Søknadsfrist: 10. november.

Søknad sendast til kommunen elektronisk via altinn eller på papir.

Elektronisk søknad

Papirsøknad

Les meir om organisert beitebruk.

 

Tidlegpensjon

Tidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri. Føremålet er å bidra til tidlegare generasjonsskifter og stimulere til rekruttering.

Søknad sendast til kommunen.

Papirsøknad

Les meir om tidlegpensjon i jordbruket.

 

BU-midlar - Innovasjon Norge

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Tilskot/lån til finansiering i samband med investering innan tradisjonelt landbruk, generasjonsskifte, kjøp av eigedom og tilleggsareal.

Søknadsfrist: heile året

 Søknadsskjema

Les meir om tilskotsordningane.

 

 

Sist endra 15.06.2017 av Linn Hovlandsdal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Linn Hovlandsdal
fagkonsulent landbruk
  • Tlf: 57718534
  • Mob:
  • E-post:  
Artikkel m/kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering