Motorferdsel i utmark og vassdrag

Motorferdsel i utmark er som hovudregel forbode. Formålet med regelverket er å verne om naturen og miljøet. Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel til visse formål. Kommunen kan gje løyve til køyring for næring og nyttetransport etter søknad. Det er ikkje høve til å gje løyve til turkøyring.

Kva er nyttekøyring?

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg.

Viktig å legge ved søknad

Sørg for å få med aktuelle vedlegg, t.d kart med innteikna køyrerute, legeattest ved transport av funksjonshemma, løyve frå grunneigar dersom ferdselen skal gå over andre sin eigedom.