Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming.

 

Søknadsskjema

 

Skjenkestadane kan i samsvar med Alkohollova søkje om utvida skjenketid til bestemte arrangement. Kommunestyret har delegert slik avgjerdsmynde til rådmannen.


Gaular kommune har vedteke ein eigen Ruspolitisk handlingsplan der retningslinjer for alkoholpolitikken er nedfelt. 

Kontakt

bilde av personen: Kjell Idar Dvergsdal
helse- og sosialsjef
  • Tlf: 57718205
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: