Salsløyve for alkohol

Flaske og frukt - Klikk for stort bilete

Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Kriterium

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det blir kravd ulasteleg vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar som er knytt til salsstaden. Begge må ha stått til kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som blir sette i alkohollova og serveringslova. Løyve tildelast etter skjønn.

Bensinstasjonar eller kioskar kan ikkje få salsløyve.

Målgruppe

Salsløyve kan søkjast av firma/personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk som skal drikkast utanfor salsstaden.

Handsaming

Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket.

Handsamingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

 

Søknad/rettleiing

Du må søkje skriftleg og kommunen vil kunne hjelpe deg med søknaden. Du må setje deg inn i regelverket før du får salsløyvet.

Du må ha desse vedlegga med i søknaden: 

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

 

For meir informasjon kontakt einingsleiar for helse og omsorg Kjell Idar Dvergsdal på tlf 57 71 82 05.

 

Kontakt

bilde av personen: Kjell Idar  Dvergsdal
kommunalsjef helse og omsorg
  • Tlf: 57718205
  • Mob: 91704417
  • E-post: