Ambulerande skjenkeløyve

Du må søkje ambulerande skjenkeløyve dersom du ønskjer å servere alkoholhaldig drikk mot betaling i eit slutta selskap. Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkoholhaldig drikk eller du serverer alkohol utan betaling.

Ambulerande skjenkeløyve

  • Gjeld slutta lag, det vil seie at ein på førehand veit kven som skal vere med på arrangementet
  • Ein person må vere ansvarleg for skjenkinga
  • Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kva som skal skjenkast og ønskt skjenketid
  • Du må betale gebyr på kr 310,- (pr 01.01.15).

Skjenkeløyve for eit enkelt høve

Skjenkeløyve for eit enkelt høve gjeld arrangement som er opne for publikum. Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå lensmannen og sosialtenesta.
 

Korleis søkje?

Du må søkje elektronisk til oss. Når du nyttar elektroniske søknadsskjema treng du ikkje sende søknad i posten men denne vert sendt oss elektronisk.

Gå til søknadsskjema

 

Kontakt

bilde av personen: Atle Fasteland
Rådmann
  • Tlf: 57718513
  • Mob: 99564610
  • E-post: