Skogbruk

Gamlevegen Skilbrei - Klikk for stort bileteGamlevegen Skilbrei  

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket

I kommunen vil desse midlane i hovudsak gjelde tilskot til skogkultur.

Døme på tiltak som du kan få tilskot til:

• Plantekjøp og planting
• Avstandregulering
• Rydding/ fristilling av ynskt treslag

Søknadskjema

Tilskotssatsen vil vere i intervallet 50 - 70 % av kostnaden. Kommunen får avgrensa midlar å bruke til skogkultur. Om du har planar om å utføre skogkulturarbeid i skogen din, er det er difor viktig å ta kontakt med kommunen på førehand.

Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. Kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.

Tilskot skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.

Bygging av landbruksveg (skogbruk- og jordbruksvegar)

Skal du bygge ny landbruksveg eller bygge om ein eksisterande, må du søkje om løyve frå kommunen.

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina og eventuelle massetak.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den handsamast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Søknadsskjema- bygging av landbruksveg

 

Skogbruksvegar kan få tilskot. Søknad om tilskot blir handsama og eventuelt innvilga av Fylkesmannen. Søknad skal sendast til kommunen for vurdering, og vi videresender denne til Fylkesmannen.

Søknadsskjema- bygging av skogbruksveg

 

Føremålet med forskrifta om bygging av landbruksvegar er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på en måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som blir råka av vegbygginga.

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.

Publisert av Janne Kristin Bøyum. Sist endra 09.03.2015 av Janne Kristin Bøyum
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Magnus  Mo
fagkonsulent skogbruk
  • Tlf: 57718533
  • Mob: 90209546
  • E-post:  
Informasjon/rettleiing (1)
 
 
Login for redigering