Vilt

Viltforvaltning

Kommunen har ma. forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjer råd og veiledning i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt. Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på oppgåver i viltforvaltninga:

  • Forvaltnig etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan.
  • Godkjenning av driftsplanar
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporter
  • Registrering annalyse av sett hjort- skjema
  • Godkjenning av vald
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond.

Hjorteviltregisteret er ein nyttig reiskap for deg. Her legg kommunen inn innformasjon om alle valda: Fellingstillatelser/ fellingigsresultat, sett-hjort og slaktevekter. Her vil du og finne tilgang til "sett og skutt" som er ei elektronisk løysing du sjølv kan bruke til å registrere sett-hjort og slaktevekt.

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikk påkøyrsler).

 

Jegerprøva

Alle nye jegerar må ha greidd jegerprøva for å kunne utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen, og syt for at dei som har greidd prøva vert registrerte i Jegerregisteret.

Har du spørsmål knytt til jegerprøvekurs, kan du ta kontakt med Gaular Jakt og Fiskelag eller kommunen.

Eksamen, etter endt jegerprøvekurs vert gjennomført elektronisk. Informasjon om eksamen og eksempelprøve finn du på jegerprøveeksamen.no

 

Kontakt

bilde av personen: Magnus  Mo
fagkonsulent skogbruk
  • Tlf: 57718533
  • Mob: 90209546
  • E-post: