Ferie-/fridagar i skulen

 

 

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

Etter søknad kan elevar få permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker (ti skuledagar) når fritaket er fagleg forsvarleg. For fri utover to veker gjeld det eigne reglar om utmelding.

Søknad om permisjon/skulefri

 A: Skulefri inntil 2 veker

Når det er fagleg forsvarleg kan kommunen etter søknad frå foreldra gje den enkelte eleven permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker.

 

Det er eit vilkår for retten til slik permisjon at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute - jf. Opplæringslova § 2-11. Etter delegert vedtaksmynde gjer rektor vedtak. Vedtak er einskildvedtak etter Opplæringslova.

 

Ein søkjer elektronisk om fri frå skulen. Søknadsfristen er normalt 6 veker om ikkje anna er avtalt med skulen, og søknaden skal minimum innehalde opplysningar om:

 

  • namn, fødselsdato og klasse/gruppe på eleven
  • namn, adresse og telefonnummer på søkjar/føresette
  • fritaksperiode - frå og med/til og med dato
  • kort grunngjeving av fritaket/behovet for fritak

 

B: Skulefri utover 2 veker

I slike tilfelle skal eleven meldast ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet, og foreldra er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Retten til opplæring opphøyrer i utmeldingsperioden, og kommunen sitt ansvar for opplæringa opphøyrer tilsvarande.

 

Søknadsfristen (meldefristen) er normalt åtte veker om ikkje anna er avtalt med skulen. Føresette søkjer via skulen til eleven og med dei same opplysningane som for A) over. Skulen sender deretter søknad med eventuell uttale eller tilråding over til skule- og kultursjef for vedtak sidan rektor ikkje har delegert vedtaksmynde på dette området. Vedtak er einskildvedtak etter Opplæringslova.

Sist endra 30.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering