Skular i Gaular kommune

Gaular har gode skular!

Vi eig og driv 3 grunnskular med om lag 400 elevar.

Vi har ein barneskule

Bygstad skule

Og to kombinerte barne- og ungdomsskular

Viksdalen skule

Sande skule

Satsingsområde i skulen er klasseleiing og lesing.

Informasjon om skulestart

Du treng ikkje melde frå om at barnet ditt skal byrje på skulen, så lenge du er folkeregistrert i Gaular kommune.

Du får som føresett eit brev om innskriving av nye førsteklassingar, førskuledagar og skulestart i 1. klasse. Vi annonserar og i Firda dato for innskrivinga. 

 

Skuleruta gjev oversikt over ferie- og fridagar i skuleåret. Du finn den i høgremenyen under les meir om tenesta.

 

Har du nettopp flytta til Gaular

 

Tilflyttarar med elevar som skal gå i skulen må ta kontakt med rektor på den skulen barnet skal byrje på. Du finn info til skulane ved å trykkje på knappen over for den aktuelle skulen.

 

Tidlegare/utsett skulestart

 

Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år.

Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven. Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år.

Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre sakkunnig vurdering frå PPT.  

 

PPT

 

PPT er kommunen sin rådgjevande og sakkunnige instans i spørsmål som handlar om barn og unge med behov for spesialpedagogisk help/spesialundervisning i barnehage og grunnskule. PPT greiar ut barn sine behov og gjer råd og rettleiing til foreldre, barnehage, skule og andre samarbeidspartnarar. 

 

PPT i Gaular er ein del av PPT for Indre Sunnfjord som dekkjer kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal.

 

Informasjon om skulane

 

Du finn mykje lokal og sentral informasjon på skulane sine nettsider ved å klikke på aktuell skule ovanfor.

 

Skulefritidsordning - SFO

 

Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn i 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. - 7. klasse. Føresette får informasjon om SFO-tilbodet til skulen gjennom innskriving av førsteklassingen. Du søkjer elektronisk om plass i SFO.  Alle skulane tilbyr SFO-ordning. For Bygstad og Viksdalen er det avhengig av at det melder seg nok born.

Søknadskjema

 

 

Kulturskule

 

Kommunen tilbyr eit desentralisert kulturskuletilbod innan musikk,  undervisnijg i piano og slagverk på Sande og gitar i Bygstad. Vi har eit samarbeid med kulturskulen i Førde.

 

Brukargruppe

Barn og ungdom frå 8 år og oppover.

 

Målsetjing

Kulturskulen si målsetjing er kulturskule for alle, tilspassa den einskilde elev sine føresetnader og ynskjer. I Gaular er det i dag undervisning i gitar, piano og slagverk.

 

Søk kulturskulen

Publisert av Bjørnar Fjellhaug. Sist endra 18.04.2017 av Anne-Karin Folkestad
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

Konstituert - Undervisningsinspektør ungdomstrinn
  • Tlf: 57718530
  • Mob:
  • E-post:  
Lover og forskrifter (1)
 
 
Login for redigering