Klage på vedtak

Klagen må vere postlagt før fristen går ut.

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du motttok vedtaket.

Vi behandlar klagen først og kan endre vårt vedtak. Viss vi meina vedtaket ikkje skal endrast, går saka til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg vurdering.

Følgjande vedtak kan klagast på:

  • Vedtak i byggesak eller delingssak
  • Vedtak om reguleringsplan. Dersom privat reguleringsplan er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel eller områderegulering, kan eit avslag krevast lagt fram for kommunestyret.

Du kan ikkje klage på vedtak om kommuneplan.

 

Korleis klagar du?

Klagen må:

  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysninger som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering.
  • angi kva vedtak det vert klaga på.
  • angi kva endringer som eventuelt er ønska.
  • vere underteikna.

Klagen kan sendast til postmottak@gaular.kommune.no , eventuelt Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande.

Sjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Du kan søke om å få utsett igangsetting av vedtaket inntil klagefristen er gått ut eller klagen er avgjort. Kommunen avgjer om det er grunnlag for å utsette igangsetting, og denne avgjerda kan ikkje klagast på.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller treng rettleiing i samband med dette.

Det er ikkje gebyr for behandling av klager.