Kor lang tid tek det?

Som hovudregel er behandlingstida 3 veker for enkle tiltak, 12 veker for meir omfattande saker, og meir enn 12 veker for saker med dispensasjon.

Du kan følge med på saka di i saksinnsyn.

Tidsfristar for kommunens saksbehandling

2 veker: Førehandskonferanser

3 veker:

  • Igangsettingsløyve
  • Midlertidig bruksløyve
  • Ferdigattester
  • Enkle byggetiltak der alle vilkår er oppfylt, der det ikkje ligg føre protestar frå naboar eller gjenbuarar, og der det ikkje er nødvendig med uttale eller samtykkje frå ein eller annan myndigheit.

12 veker: Omfattande byggjetiltak, og som ikkje er avhengig av dispensasjon.

 

For saker med dispensasjon frå plan er det ingen lovpålagt frist.

 

Sakshandsamingstida reknast frå søknaden blir mottatt av kommunen. Rask handsaming er avhengig av at søknaden er godt belyst. Dersom vi må be om tilleggsdokumentasjon stoppar vår sakshandsamingstid inntil saka er komplett.