For større eller meir omfattande byggesaker
kan ein førehandskonferanse vere hensiktsmessig. Ein førehandskonferanse er eit møte mellom deg og kommunen. Du må sende inn kart, teikningar, skisser og ei beskriving av problemstillingar før møte.
Mål med møte er å få avklare innhald i kommunale planar og andre krav som er relevante for byggeplanane.
Typisk spørsmål kan vere:
- Uklåre reguleringsføresegner
- Behov for dispensasjon
- Krav om ansvarleg føretak
- Krav om uavhengig kontroll
- Uttale frå anna myndigheit
Førehandskonferanse er ikkje ordinær sakshandsaming
Førehandskonferanse må ikkje forvekslast med sakshandsaming. Det vil ikkje bli tatt avgjersler som er bindande for saka vidare. Kommunen kan til dømes ikkje ta ei avgjerd på om dispensasjon kan gjevast, berre gi opplysningar om eventuelle dispensasjonar som er nødvendig for at det aktuelle tiltaket og kva reglar som gjeld for dispensasjon.
Referat
Det skal førast eit kort referat frå førehandskonferansen. Referatet skal dokumentere dei føresetnadane som er lagt til grunn i møtet og som dannar grunnlag for vidare handsaming i saka. Referatet skal godkjennast og signerast av begge partar