Slik søkjer du om byggetiltak

Korleis du skal søke kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre.

Før du går i gang med eit prosjekt kan du avtale ein førehandskonferanse der du får møte oss for å få svar på spørsmål om byggetiltaket. Førespurnad om førehandskonferanse kan sendast til servicetorget.

Finn ut meir om førehandskonferanse

Slik går du fram:

  1. Skriv ut situasjonskart og plasser byggetiltaket på kartet. Hugs å sette mål på tiltaket, samt avstand til grense og nærliggande bygg.
  2. Bestill naboliste på Servicetorget eller via Infoland (profesjonelle søkarar).
  3. Send ut nabovarsel ut frå mottatt naboliste. Skjema for nabovarsel finn du enten ved å bruke elektronisk skjema via ByggSøk eller du kan laste ned papirblankettar. Du kan enten gå rundt til naboane dine, eller sende rekomandert pr. post. Naboane eller posten kvitterer på skjemaet; kvittering for nabovarsel. Naboane skal sende sine merknader til deg, slik at du kan kommentere dei før alt vert sendt samla til kommunen. Finn ut meir om nabovarsel.
  4. Vent minst 2 veker for eventuelle nabomerknader, og send til kommunen:
  • Søknadsskjema (Elektronisk via ByggSøk eller papirblankett)
  • Skjema "Kvittering for nabovarsel" og skjema "Opplysningar gitt i nabovarsel" skal følgje søknaden
  • Eventuelle nabomerknader m/dine kommentarar
  • Eventuell søknad om dispensasjon.
  • Målsatt situasjonsplan i målestokk t.d 1:250 (1:500 for store tiltak), det vil seie at tiltaket må vere innteikna på kart. For nokre tiltak held det med kartutsnitt, sjå veiledning om ulike tiltak.
  • Teikningar av tiltaket; plan, snitt og fasade i målestokk 1:100.
Publisert av Berit Grimsbø Hestad. Sist endra 23.02.2015 av Berit Grimsbø Hestad

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}

Kontakt

bilde av personen: Magnar  Hellebust
avd. ing. bygg
  • Tlf: 57718522
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering