Ofte stilte spørsmål

Mindre byggjearbeid på bustad- eller fritidseigedom

,
Eg skal skifte vindu på huset mitt, må eg melde frå om dette til kommunen?
Det er opna opp for at mindre tiltak kan vere friteke frå meldeplikta til kommunen, fasadeendring som t.d. skifte av vindu kjem inn under dette. Ein føresetnad for at fasadeendringa vert friteke frå meldeplikt er at naboane ikkje har merknader.
Kor stort tilbygg kan eg ha på huset mitt utan at eg må ha full byggjesak?
Om tilbygget er under 50m2 kjem det inn under "melding om tiltak", der du sjølv er ansvarleg for tilbygget. Kjem tilbygget over 50m2 må du ha nokon som er bygningsfagleg ansvarleg for tiltaket.
Kan vi setje opp eit takoverbygg over inngangspartiet utan å melde dette til kommunen?
Ja, så lenge naboane ikkje har merknadar. Dette kjem inn under ikkje- byggjemeldingspliktige tiltak.
Vi ønskjer å byggje eit tilbygg på rekkjehuset vårt, vi bur i eit burettslag. Korleis går vi fram?
De må søkje til styret i burettslaget om bygging av tilbygg. Om tilbygget vert godkjent melder de dette inn til kommunen på vanleg måte. Kopi av styrevedtaket må leggjast ved meldinga.
Kven av naboane skal ha nabovarsel når eg skal byggje på huset mitt?
Hovudregelen er at dei som grensar direkte til di tomt skal varslast. I tillegg skal gjenbuar varslast, det vil seie dei som bur over vegen for deg. Når det gjeld burettslag eller sameige må det søkjast til styret om bygging. Nabovarsel skal ikkje sendast til kvar einskild huseigar i burettslaget.
Vi har ein nabo som bur ca 200 meter frå huset vårt, skal han varslast?
Nei, vi seier at avstanden skal vere innanfor 150 meter for at det er naudsynt med nabovarsel.
Eg kjem ca 3 meter frå nabogrensa med det nye tilbygget mitt, er det greit?
Hovudregelen er at avstanden mellom bygninga sitt veggliv til nabogrensa skal vere 4 meter. Plassering nærare enn 4 meter krev skriftleg samtykkje frå naboen, såkalla fråstandserklæring. Dette må leggast ved som eit eige skriv i meldingssaka, det er ikkje nok at naboen har skreve under på nabovarslingsskjema.
Eg har levert inn ei sak om tilbygg på bustaden min, kor tid kan eg forvente svar?
Meldingssaker skal vere handsama innan 3 veker. Kommunen må alltid vente til nabofristen til å gje merknad er ute. Merknadsfrist er 14 dagar frå naboen mottek varselet.
Eg skal byggje garasje, kor langt frå nabogrensa kan eg setje garasjen?
Frittliggande bygg som garasje, uthus og liknande under 50m2 kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrensa. For frittliggjande bygg over 50 m2, skal avstand til nabogrense vere 4 meter (p.g.a. brannomsyn). Plassering nærare enn desse grensene krev skriftleg samtykke frå tilgrensande nabo, såkalla fråstandserklæring.
Må eg betale noko for å melde byggjesaka til kommunen?
Sjå prisliste
Kor stort kan eg byggje utan å melde det til kommunen?
Dersom bygget er mindre enn 15 m2 er det fritatt for meldingsplikt til kommunen. Dette gjeld t.d. leikehytter, uthus m.m. Vi rår deg likevel til å ta kontakt med naboane dine, slik at dei får høve til å uttale seg.
 
 
Login for redigering