Plan

Alle kommunar skal ha ein overordna og heilskapleg kommuneplan. Og som del av denne inngår fleire kommunedelplanar og reguleringsplanar.

  Kommunen samarbeidar med både offentlege instansar og private aktørar i planprosessen. Det er ei rekkje lovkrav til korleis arbeidet skal foregå, samt fleire retningsliner og reglar for utforming av innhald. I planen og prosessen kan kommunen forme overordna visjonar og mål for ei god utvikling vidare i Gaular.