Korleis foregår planarbeidet?

Når det skal utarbeidast reguleringsplan for eit område, er det krav i plan- og bygningslova til korleis dette skal foregå. 

Profesjonell forslagsstiller 

Den som skal utarbeide forslag til ein reguleringplan (forslagsstiller) må vere fagkyndig. Dersom det er behov for regulering eller omregulering av din eigedom, må du knytte til deg ein profesjonell forslagsstillar som lagar planen i SOSI, PDF og Word-format slik kommunen skal ha det inn.

Vanlege fasar i ein planprosess

  1. Oppstartsmøte
    Før planarbeidet startar opp må forslagsstillar ha eit møte med kommunen (etaten for landbruk, næring og teknisk) om planarbeidet. I oppstartsmøte gir kommunen rammer og føringar for planarbeidet.

     
  2. Varsling
    Forslagsstillar skal varlse oppstart av planarbeid. Dette gjerast ved kunngjering i avis og gjennom elektronisk media, samt ved utsending til aktuelle høyringsinstansar og berørte partar som grunneigarar og naboar.

     
  3. Planforslag
    Forslagsstillar utarbeidar eit planforslag på bakgrunn av rammer og føringar frå kommunen, og innspel til planarbeidet som har kome gjennom varslinga. 

    Planforslaget vert sendt til kommunen, som gjennomgår det innsendte materialet og førebur saka for 1. gongs handsaming. 

     
  4. Førstegongshandsaming
    Ved første gongs handsaming føreligg det eit konkret forslag til reguleringsplan. Forslaget skal innehalde eit plankart og eit sett med føresegner. I tillegg følgjer det ei planomtale som skildrar planforslaget. 

    Planforslaget vert handsama av planutvalet (formannsskapet). Forslaget vert enten lagt ut til høyring, bearbeida eller avvist. 

     
  5. Offentleg ettersyn (eller høyring)
    I høyringsperioden på minumum 6 veker vert alle berørte varsla, og kan kome med innspel til planen. 

     
  6. Andregongshandsaming
    Når høyringsfristen er ute, vert ny handsaming av planforslaget førebudd av etaten for landbruk, næring og teknisk  Saka går til planutvalet (formannsskapet) før den går til kommunestyre for endeleg vedtak.

     
  7. Vedtak 
    Kommunestyret vedtek reguleringsplanar. Gjennom ein vedteken reguleringsplan vert arealbruken gjort bindande for den enkelte grunneigar.

     
  8. Kunngjering av vedteken reguleringsplan
    Når ein reguleringsplan er vedteken, vert dette kunngjort av kommunen. Du har høve til å klage på vedtaket.

     

Handsamingstid

Handsamingstida for ein reguleringsplan er avhengig av saka sin kompleksitet og storleik. 

Når det vert sendt inn eit privat planforslag, har kommunen ein frist på 12 veker på å førstegongshandsame planforslaget. Fristen gjeld frå komplett planforslag er innsendt. 
 

Mange reguleringssaker kan vere kontroversielle, både politisk, i forhold til overordna mynde, nabolag eller ulike interessegrupper. Slike saker kan difor ta lengre tid. 

Publisert av Janne Kristin Bøyum. Sist endra 20.02.2015 av Janne Kristin Bøyum
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering