Startlån /bustadtilskot

 Skagetunet - Klikk for stort bilete

 

 

Startlån

Har du vanskar med å kome deg inn på bustadmarknaden eller å kunne bli buande i bustaden din?

Då kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg.

Startlån skal gå til personar som skal etablere seg i eigen bustad enten ved bygging, kjøp eller utbetring av bustad. Målgruppene: unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsytarar, funksjonshemma, flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag, økonomisk vanskelegstilte husstandar.

Kvar skal eg søke?

Husbanken har eigne søknadsskjema. Dersom du treng hjelp til rettleiing til utfylling av søknadsskjema og innhenting av naudsynte vedlegg ta kontakt med Ellinor Taftø på tlf 57 71 82 00.

Bustadtilskot

Bustadtilskot kan saman med startlån medvirke til at husstandar med svak økonomi kan skaffe seg og bli buande i nøkterne og godt eigna bustader. Bustadtilskot kan og nyttast til tilpassing i bustad når nokon i husstanden har nedsett funksjonsevne.

Kvar skal eg søke?

Husbanken har eigne søknadsskjema. Dersom du treng hjelp til rettleiing til utfylling av søknadsskjema og innhenting av naudsynte vedlegg ta kontakt med Ellinor Taftø på tlf 57 71 82 00.

For meir informasjon om:

Startlån

Bustadtilskot

Søknad startlån/bustadtilskot sendast til:

Gaular kommune, helse- og sosialetaten, Førdevegen 15, 6973 Sande

Kontakt

bilde av personen: Ellinor Taftø
konsulent
  • Tlf: 57718200
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: