Vil du bli støttekontakt?

 Menneske som treng støttekontakt er svært ulike. Vi søker derfor etter ulike personar.

  • Å vere eit medmenneske som har evne til å bry seg er det viktigaste.
  • Det vert ikkje stilt nokon spesielle krav til utdanninga di.
  • Du må vere stabil og pålitelig, og ha ein avklart livssituasjon.
  • Du bør kunne binde deg for ei viss tid.
  • Du bør ha god evne til å skape kontakt.
  • Eit felles miljø eller ein hobby ein kan vere saman om, vil vere ein fordel.
  • Du skal kunne vise tilfredstillande referansar og godkjent politiattest i dei høve der det vert kravd.

Korleis verte støttekontakt?

Du må fylle ut skriftleg søknadskjema og møte til samtale.

Søknadsskjema (PDF, 218 kB)

Meir informasjon om støttekontakt/avlastar finn du her (PDF, 200 kB)

 

Søknaden sendast til: NAV Gaular, Førdevegen1 5 , 6973 Sande eller du kan levere den ved personleg frammøte på Nav kontoret.